onsdag, mars 14, 2018

Dagbok 2018: 14.mars


Klokka er 13.10, temperaturen er + 6 grader C, det er sol, men eit lett skydekke. Hos naboen foregår det visst litt skogrydding, og sjølv ser eg mykje eg kunne ha tatt tak i ute. Men eg blir stort sett sittande i ro på grunn av det vonde kneet. Det vil ikkje gi seg. Ikkje ein gong om natta får eg fred, men vaknar av at eg verker. Faktisk er det betre å sitte. Så i dag har eg sete og strikka litt, mens eg har høyrt lydbok på PC-en. Så har eg sett på vaskemaskina. Det er stort sett det eg har gjort. Lurte på å bake brød, men så ventar eg også på å høyre frå legen min, forstår ikkje at ho ikkje har ringt.
Ragnhild skal eit ærend klokka 16.30, så då plukkar ho opp meg og køyrer meg ut på Heimen.. Håper på at Nils kan bli litt glad for å sjå meg, men for det meste irriterer han seg over meg; eg maser og plagar han, har eg inntrykk av. Eg kan ikkje bli skuffa og vonbroten av den grunn, for han er ikkje "seg sjølv" lenger - men kanskje får han eit lyst øyeblikk? Kven veit. Vi får ta det som kjem.
Eg har lyst å begynne å rydde litt rundt dørene, men må vere så forsiktig på grunn av kneet. DET irriterer meg. Veit ikkje kor lurt det er å strikke heller, men no var skuldra begynne å komme seg, så eg fekk i alle fall prøve litt. Eg får skrive meir i kveld. 

Kl.21,35: Temperaturen er no minus 2 grader, men det er fint ute. Berre synd at eg ikkje får GÅ ut til Heimen og heim att no. Kneet mitt er like elendig, men no har eg i alle fall fått medisin. Legen min ringde og sa at ho hadde bestilt det eg skulle ha på apoteket. Det er betennelses-hemmande tablettar, eg skal ta ein for dag og den er bitte liten. Kan ta Paracet ved sidan av, men ikkje Ibux. Så får vi håpe det hjelper. I dag gjekk eg utan knestøtte heile føremiddagen og det gjekk bra. Tok på med støtta før eg for ut på Heimen , men då vart eg så låk at eg tok den av der ute. Det var Ragnhild som køyrde meg i dag også, og ho insisterte på at vi skulle ta turen til apoteket først. Det er ei bestemt dame, så eg måtte berre lyde.

Med Nils er det ikkje så store endringar frå dag til dag. I dag var han veldig trøtt og sov nesten heile tida eg var der, dvs. frå 5-9. Han følgjer ikkje med tida, veit ikkje om det er dag eller natt. Han hadde fått berre ein Oxycodone i dag og den fekk han i dag tidleg, så det er ikkje tablettane han blir sløv av no. Men når han ikkje får så mykje medisin greier han å snakke litt tydelegare, så eg forstår kva han seier. Han plar like å høyre nytt om slekt, venner og naboar, no bryr han seg ikkje om noko. Men han hadde fått i seg litt mat i dag også. 
No har eg overlete alt stell til sjukepleiarane, og dei steller fint med han. I dag hadde dei til og med barbert han, og så passar dei på at han får reine ulltrøyer kvar dag. Han er så tander at eg vil ikkje ta for mykje bort i han, for det skal lite til for at det vert vondt. Eg seier det til dei som steller han at eg er så glad for den jobben dei gjer.
Eg ringde til Gudmund nabo og han køyrde meg heim. Eg likar ikkje å vere avhengig av andre heile tida, men no er eg berre nøydd til å ta imot hjelp. Eg veit ikkje om det betyr så mykje for Nils at eg sit der i timesvis, men no gjer eg det vel like mykje for min eigen del.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...