torsdag, februar 15, 2018

Dagbok 2018: 15.februar


Klokka er snart 14.00, og då skal eg gå ut til Heimen om Kiwi. Dei to vêrbilda har eg tatt frå altanen. Blir ikkje så spennande bilde, så lenge eg berre har eit stort kamera som eg må bere på-i tillegg til mykje anna.
Det er lettskya, litt vind og + 7 grader ute. Det er nesten som ein begynner å føle at det går mot vår, sjølv om vi godt veit at det kan komme snø både i mars og april.
Nils ringde til meg før middag for å fortelle at han var betre i dag. Og takk for det! Han hadde ete godt til frokost, men verkte, så han skulle få meir smertestillande. Han strålte heile bekkenområdet på Åse den 2.august, men det var såpass kraftig at han kan ikkje gjere det opp att. Men det var god hjelp lenge.
Det har ikkje blitt så mykje gjort med meg her heime i dag, men eg laga meg tomatsuppe med egg til middag, og mens suppa kokte kom eg på at det var torsdag. Då er det ballj på Heimen.

Klokka er no 22.25, og det er ei stund sidan eg kom heim. Måtte innom facebook som snarast. Temperaturen ute er + 3,5 grader C , det er opplett og litt vind. Det har nesten vore litt vårleg i dag.
Eg gjekk heimanfrå ca. kl.14, men gjekk om Kiwibutikken, noko som gjer turen til Heimen dobbelt så lang. Men det er fint å gå når veret er bra, får både frisk luft og mosjon. Nils var heldigvis ikkje så elendig i dag som han var i går, han var i ganske bra form, men det skal ingen ting til før han blir heilt utsliten, så svak er han, og det har han vore lenge. Men han hadde ikkje så mykje smerter i dag, så då slapp han så mykje ekstra medisin. Han åt litt middag, men er ikkje så begeistra for ball. Eg hadde med raude Valentinroser i dag i staden for i går, og så hadde eg kjøpt meir druer. Frukt er liksom det einaste han har lyst på. Etter middag kom Solfrid kreftkoordinator på besøk, og det er alltid kjekt. Vi eg blitt godt kjende med henne etter kvart. I morgon kjem LInda, det er legen. Etter at Solfrid hadde gått, sov vi middag, og så vart det TV og styr og stell resten av kvelden. Eg gjekk heim litt over halv ti. 
I morgon skal eg møte til synstest kl.12.15, og så blir det kanskje ein tur på Amfi før eg går opp ti Nils, så då blir eg vekke heile dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...