Klokka er snart 21.30. Det er overskya, litt vind og + 5 grader C. Eg kom att frå Heimen for mindre enn eit kvarter sidan. Nils ville eg skulle gå, så han fekk sove. Men han bad meg seie ifrå til pleiarane at eg gjekk, då ser dei inn til han av og til. Det treng dei ikkje når eg er der. Eg spurde om han følte seg trygg og det gjorde han. Sjukepleiarane og hjelpepleiarane er berre heilt fantastiske både mot han og meg. Eg bur nesten meir der ute enn her.
Han har vore nokså stabil når det gjeld sjukdom, medisin etc. sidan han kom ut på Heimen, men siste tida har det gått nedover med han, ikkje fort men litt og litt.
I dag var han nokså sløv, for han hadde fått meir medisin enn vanleg. Han greidde ikkje å halde seg vaken lenge om gongen. Han fekk ikkje i seg mat etter at eg kom, men hadde ete litt til lunsj. Det minner om slik han var dei gongane han hadde infeksjon. Legen skal sjå til han i morgon, og finne ut om ho kan gjere noko med medisinen. I dag hadde han fått Oxycodone to gonger, og eg trur det var mykje derfor han var så trøtt. Når han er vaken, er han heilt klar i toppen, og det er no bra.
Med tanke på korleis han var i fjor vinter er det utruleg at han har fått så mange gode dagar etterpå.
Eg får ikkje gjort så mykje når eg går her åleine på føremiddagane og ikkje veit korleis han har det, så eg håper han er bra nok til å ringe heim i morgon.
I dag fekk eg i alle fall stroke og hengt opp att kjøkkengardinene, og så er det litt klesvask og diverse anna som må gjerast sjølv om eg bur åleine.
Fekk skrive ein liten notis til avisa innimellom. Ikkje noko litterært meisterverk akkurat. Før møtet neste onsdag må eg ha klar årsmeldinga for 2017. Den blir vel lik den i fjor - om lag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
DAGBOK 2024: 19. APRIL
Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar