mandag, desember 04, 2017

Dagbok 2017: 4.desember


Klokka er 19.35, utetemperaturen er + 1grad C og det har kome snø eller rettare sagt slaps igjen.
Dagen i dag blei ikkje slik eg hadde planlagt og det har to hovudgrunnar, den eine er at eg vart liggande vaken mykje av natta og verke i v.hofta og foten, så eg var trøytt i dag. Eg har vore bra så lenge at eg nesten hadde gløymt korleis det var, men med mykje stillesitting og fuktig vêr er eg spesielt utsett.
Det andre som skipla planane mine var vêret. Eg hadde nemleg tenkt å gå til Vik i løpet av dagen og handle litt av kvart som dei ikkje har på Kiwi. Og så vart det både glatt og vått.
Men før eg gjer noko anna om dagane, må eg sørge for at Nils får det han skal ha av mat og medisinar. I dag hadde han også bestemt seg for å dusje og vaske håret, Vi greidde å få det til denne gongen også, men det er ei påkjenning for han no når han er så plaga med hofta. Vi kunne fått hjelp frå HBO men då blir vi meir bundne av tid. No kan vi bestemme sjølve når det passar.
Før Nils står opp brukar eg å vere nokså aktiv, men i dag fekk eg ikkje gjort anna enn å fylle den kakebotnen eg laga i går. Eg deler opp kakebotnen og legg krem mellom laga og frys kaka i forma. Når vi skal ete den, er det berre å ha krem på toppen, og kaka held seg frisk og kald i timesvis. Dette har eg gjort mange gonger før, særleg når det har vore tilstellingar der ein skal ha mange kaker. denne gongen skulle eg nytte ut fløte som var nesten ute på dato.
I heile dag har eg hatt kjensla av at det er sundag-kanskje fordi eg har vore så lat?. Her blir ikkje gjort så mykje husarbeid, eller anna arbeid. Hovudoppgåva mi er å sørge for at Nils kan få vere heime, og då må eg legge til rette for det. Og hittil har det gått bra. Vi ser ganske mykje TV, så no saknar eg veldig å ha strikketøy, så eg må komme meg på butikk og få tak i garn.
Onsdag skal eg på pensjonistmøte, då kjem Solveig innover og held Nils med selskap ei stund. Han greier seg fint åleine nokre timar, men eg føler meg meir avslappa når han ikkje er åleine.
No et han middag for andre gong i dag, det vart restar på menyen i dag. Heldigvis får han i seg mat, det har ikkje alltid vore like enkelt.

PS: No har vi snart budd her i Starevegen i 44 år, vi flytta inn i desember. Men før eg vart bufast her, har eg flytta mange gonger. Eg vart fødd og vaks opp på Eid, menn reiste heimanfrå i 1958. Fire ulike stader budde vi i den tida eg var heime. Dei kjekkaste åra var vel frå 1948-53 då vi budde i ei offisersbrakke frå krigens dagar; området vart kalla Sandplassen då, og det heiter det framleis. No driv dei og bygger på denne plassen. Det er om lag der hotellet ligg. Dette bildet er tatt etter at vi flytta opp til sjukehuset, og eg ser at hestestallane til tyskarane står enno-heilt til høgre i bildet.  Der er det hotellet som står no.Der er tre like brakker, vi budde i den eine. Det store kvite huset til venstre i bildet er ungdomshuset Valhall. Der var det kino to gonger i veka, og ein barnebillett kosta 75 øre. 

2 kommentarer:

Elin sa...

Eg er berre så imponert over innsatsen din, Olaug! Ha ei fin førjulstid både du og Nils!

Hildegard sa...

I den lange brakka til høgre på bildet gjekk eg på Framhaldsskulen (8 klasse 1959-60). Det var ein kald vinter, men vi hadde det kjekt, hadde unge, flinke lærarar og fekk eit godt grunnlag før Realskulen.

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...