onsdag, august 09, 2017

Dagbok 2017: 9.august




Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin dag med sol og litt skyer og litt vind. Godt arbeidsvêr har det vore også, og i dag har eg vore nokså flittig. Måtte berre nytte finevêret til å få gjort diverse hagearbeid; husarbeidet kan eg ta når det er innevêr. 
Nils vakna frisk og rask i dag -og ingen ting er betre enn det. Hofta er framleis vond, men elles har han det bra.
Eg hadde litt arbeid på vent ute, så eg gjekk ut og saga opp diverse greiner til ved og rydda opp litt, brukte kantklipparen ved steinvegen, men så kom grasklipparen fram. Det var mindre enn ei veke sidan eg klipte plenane, men graset var langt og vått. Eg klipte med oppsamlar, men det såg ut som om eg hadde klipt bio. Mykje av graset låg att på plenen.
Då eg var ferdig med plenen rundt huset og opp mot vegen, gjekk eg inn og laga middag. I dag vart det kvit bacalao. Det er ein del arbeid med den retten og ikkje minst OPPVASK, så eg hadde ein diger hand-oppvask mens bacalaoen stod i omnen.
Vi åt uforskamma godt begge to - bra for Nils, men ikkje SÅ bra for meg. Etter ein liten pause gjekk eg ut att og klipte meir. No var det skråninga som stod for tur- og der klipte eg bio. Det var ganske tungt, for det har regna ein god del i det siste, så marka var eigentleg ganske vår. Gjekk inn og såg "Kakekrigen" i lag med Nils, før eg gjekk ut og fullførte.
Mens eg heldt på kom ei av naboane med bær frå hagen som ho hadde plukka til Nils, og sidan han hadde selskap for eg over plenen med oppsamlar, så no ser det litt betre ut. Det er meldt regn i morgon, derfor var eg litt på høgget i dag.
No har Nils besøk av ein annan nabo som stikk innom av og til. Nils er meir interessert i det som skjer i nabolaget og i bygda elles enn det eg er, så det er kjekt at der kjem folk  som veit litt om det som går føre seg og formidlar nyhende.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...