søndag, august 06, 2017

Dagbok 2017: 6.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 18 grader C, det er overskya opphaldsvêr. Ganske behageleg, faktisk.
I dag har eg ikkje mykje å skrive om, det har liksom ikkje hendt noko -og det er kanskje det beste?
Vi har hatt tre besøk av HBO-som vanleg-men Nils har ikkje fått ei einaste sprøyte. Han har vore i bra form, men er sjølvsagt låk i hofta enno. Han sov litt på føremiddagen etter å ha tatt medisin, som vanleg, og etter middagen sov vi begge to.
Sidan Nils er i god form om kveldane likar vi å vere oppe, og når vi må stå tidleg opp, må vi ha ein blund midt på dagen. Vi bestemmer sjølve kva døgnrytme vi legg opp til.
I dag hadde vi ovnsbakt laks med rømme og agurksalat til middag. Kjøpte ein pose nypoteter i går-under tvil- men dei var ikkje så verst. Nils har bra appetitt, så han får nok i seg nok mat.
Eg strikka litt og høyrde lydbok på data- mens han såg fotball. Kjenner at eg ikkje må strikke for mykje, det kjennest i skuldrane.
I dag, 6.august, tenkjer eg spesielt på ein av naboane som hadde fødselsdag på den datoen. Ho var fødd samme året som eg, men det er fleire år sidan ho døde. Ho var eit samlingspunkt i nabolaget, og eg trur knapt vi har vore samla alle etter at ho vart borte.
Så er det også datoen då atombomba vart slept over Hiroshima. Det var ei grusom hending -og no er det igjen snakk om å bruke slike bomber i krig. Ein får berre håpe på at dei som styrer i verda brukar vit! Eg skal sjå om eg finn ein gammal button med "Nei til atomvåpen".

Ingen kommentarer: