lørdag, august 05, 2017

Dagbok 2017: 5. august




Klokka er 21.15. Temperaturen er + 16 grader C og det har regna mykje i dag, no mot kveld er det sjølvsagt litt lettare. Synd med regn og skodde for dei som skulle på Saudehornet- for oss som held oss inn for det meste, har det ikkje så mykje å seie.
Dagen i dag har gått med til dagleg rutine, med husstell, matlaging etc. Nils var nokså bortreist først på dagen og sov mykje. Han kom seg etter kvart, som vanleg, og er i bra form når kvelden kjem. I dag har han fått dusja og stelt seg, det er travelt for han, men godt når det er gjort. Han har også ete bortimot normalt. Vi åt spekemat til middag; det er lettare for han å drikke nok når han blir tyrst.
Eg har ikkje gjort så mykje utan om å stelle hus og pasient. Strikka litt innimellom. Klokka 17.30 kom Solveig og vi var nedover og handla. Eg skulle som vanleg ikkje ha noko særleg, men enda opp med ei pappkasse + tre berenett med matvarer. Som vanleg. Hugselista låg att på kjøkkenbenken, men eg hadde gløymt berre ein ting.
No høyrer eg at Nils snakkar i telefonen. Eg vart sittande her ved datamaskina fordi eg fann ein IQ-test. Etter å ha streva meg gjennom den, fekk eg ikkje resultatet ein gong.
Slik går no dagane. Vona er at Nils etter kvart skal få mindre smerter, så kan ein kanskje redusere medisinbruken- vi veit ikkje meir. Men vi får ta dagane som dei kjem og prøve å gjere det beste ut av situasjonen.
Bildet: For eit par veker sidan var Olaug og Øystein på Saudehornet. I dag er Olaug i Milano, og Øystein er heime. Den vesle toppen midt i bildet er fjelltoppen vi ser frå trappa vår. Den heiter Vallahornet. Slik set det ut i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...