fredag, august 04, 2017

Dagbok 2017: 4.august

Klokka er snart halv ti. Temperaturen ute er + 16 grader C. Det regnar litt av og til, men det er minimalt. Håper vêret vert brukbart i morgon når det er "Saudehornet rett opp". Det er visstnok mykje som skjer i Ørsta for tida, men vi merkar lite til det her oppe i bakkane.
I dag har eg ikkje vore så aktiv. Var ute i hagen og jobba litt før middag. Nils ringde og sa at han skulle reise frå sjukehuset i taxi i 12-tida. Eg torde ikkje lage til noko mat, for eg visste ikkje korleis det var med appetitten, ein er ikkje heilt i form etter ei slik strålebehandling, og denne gongen strålte dei eit stort område. Det var godt at han fekk vere på sjukehuset ein dag ekstra slik at han fekk væske intravenøst, og elles vart sjekka grundig før han vart send heim. Han har framleis vondt i hofta, men det vil truleg bli betre etter kvart. Vi håper i alle fall det. Elles er han trøtt og har dårleg appetitt, noko han var budd på. Det kjem seg nok etter kvart.
Margrete og ungane (dei to yngste) var i Ørsta i dag og ringde og spurde om dei kunne komme oppom. Dei kom om lag samtidig med Nils.
Han var litt medtatt etter turen i dag. Utover til Åse fekk han sitte framme i ein ny bil med gode sete, men heimturen var av ein heilt annan klasse. Han hadde sete vondt i ein ikkje altfor god bil. Når ein har vondt i hofter og rygg MÅ ein sitte godt.
Etter at Margrete &Co var reist, laga eg suppe til han, det var det einaste han ville ha, og så la han seg på dagsenga og sov litt. Eirik kom innom etter arbeidstid for å seie "ha det" før han reiste i lag med kameratane sine til Gardermoen - og vidare til Rhodos, der dei skal vere til neste laurdag. Den 20. august skal han begynne på folkehøgskule på Melhus sør for Trondheim. Etter at Eirik hadde fare att, la Nils seg ned og sov ei stund til
Olaug og Alexander skal reise frå Roma til Milano; Solveig og Øystein skulle lande på Vigra klokka 18.00 i kveld, så eg reknar med at dei er heime no. Birte og Håkon er vel også komne heim, men har ikkje vore her enno. Det er eit heilt styr å halde orden på alle.
Det vart som ein liten ferie for meg å vere her åleine eit par dagar, men i dag var HOB-en på plass igjen. På sjukehuset meinte dei at å ta "sukkerprøve" tre gonger for dag var å overdrive. Eg skulle ønske vi slapp den om morgonen, for det har ikkje hendt at han har fått sprøyte då. Då kunne eg sleppe å ha mobilen på vekking. Vi får høyre om det kan gå an.
I dag har eg tenkt mykje på mamma. Det er 26 år i dag sidan ho døydde, 87 år gammal. Mykje har hendt både i verda og i familien desse 26 åra-både av godt og mindre godt. Mamma var på ein måte heldig som slapp å bli liggande sjuk lenge, og som heller ikkje vart dement. Ho var "oppegåande" like til det siste og følgde med på det som hende i verda - i aviser og på TV. Særleg var det fotball som engasjerte henne. Sjølvsagt saknar ein foreldra sine, men saknet vert mindre etter kvart. Og no er det vi som er gamle.
Ønsker alle ei fin helg.

Ingen kommentarer: