torsdag, august 03, 2017

Dagbok 2017: 3.august


Klokka er 20.00, temperaturen er+21 grader C og det har vore fint vêr i heile dag. noko som passa meg fint når eg er her åleine, for då kan eg vere ute heile dagen.
I dag hadde eg planer for plommetrea. Dei er så fulle av plommekart at greiner og kvistar brekk. Eg utstyrte meg med saks og sag og gjekk laus på trea. Tidlegare i sommar slutta kompostkverna å virke, men Rasmus fiksa den, så derfor kunne eg male opp både kvister og lauv til kompostering. Det har vi gjort i alle år, har knapt levert hageavfall på VØR. Men då eg slo av kverna ei lita stund, fekk eg den ikkje i gang att. Eg veit kva eg må gjere-det var berre det at eg ikkje fann skiftenøklane. Eg leita i garasjen der dei plar vere-men nei. Eg sende melding til Rasmus og spurde om han visste noko. Nei, han hadde berre brukt sitt eige verktøy då han var her. OK, så tok eg og klipte alle plenane, dvs. heile tomta med grasklipper. Det er herleg og sveitteløysande arbeid. Etterpå bevilga eg meg litt mat, og ikkje minst drikke.
Sat og strikka ei lita stund, men så kom der ein tanke dalande ned. Kva hadde eg leita etter ute i garasjen? Noko gult ! Ja, skrujerna er gule, men det er ikkje skiftenøklane. Eg gjekk ut i garasjen og sette på lyset -og der var dei ; akkurat der dei skulle vere. Då eg fekk skrudd opp kverna fekk eg sjå kva som var problemet. Eg hadde male greinene med plommene på, så der var det reine skire plommegrauten. Eg fekk reinska opp og sett i hop maskineriet igjen, og under over alle under-den funka. Derfor måtte eg klippe meir greiner her og der -heldt på så lenge der var plass i baljen. Men no har eg tatt kveld.
 Eg har snakka med Nils fleire gonger i dag. Eg fekk tidleg vite at han skulle vere på sjukehuset til i morgon, dei ville ha han til observasjon etter strålinga sidan det var såpass stort område som skulle strålast. Vi vart einige om at det var ingen vits i at eg kom utover i dag. Men blir han verande der lenger tek eg truleg ein tur i morgon. Når dei får strålebehandling er det viktig at dei får i seg nok væske, men det er vanskeleg å få til å drikke nok, derfor fekk han væske intravenøst i dag, både før og etter strålinga. Eg snakka med han etter at han hadde stråla og då var han heilt bra, men ein kan ikkje sjå bort frå at der er nokre biverknader første dagane etterpå. Eg føler meg trygg på at han har det godt der han er no, og får det stellet han treng; det ville ikkje vere kjekt om han kom heim og vart dårleg her, så han måtte leggast inn i Volda. Det var det som hende første gongen han stråla. Når eg kavar på med utearbeid, blir eg ikkje sittande å gruble.
PS: Han ringde ca. 21.30, og det stod bra til. Planen er at han skal kome heim med drosje i morgon. Om ikkje noko uforutsett dukkar opp.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...