søndag, april 13, 2025

Dagbok 2025:13.april



Klokka er no17.00, temperaturen ute er +15 grader , det er overskya , men opplett, men maskina spår regn. Ikkje akkurat slik ein vil ha det i "påskeferien". I dag hadde eg ingen planar, men så kom eg på at eg ikkje hadde pynta til påske, så då kom påskepynten fram i ein fart. Så veldig mykje pynta eg ikkje, og her var mykje gult frå før. Men eg fann nokre dukar etc. som eg fekk stryke og legge på plass. 

Og så gjekk eg ein tur på Vernet, der trefte eg ei dame som eg kjenner og vi vart sittande på ein benk og prate. Dama er over 90 år, men heilt klar i toppen så det er kjekt å snakke med henne. Vi gjekk i lag heimover på Starevegen, ho bur lenger inne.

Eg laga meg litt mat og åt før eg sette meg til ved datamaskina igjen.
Eg skulle legge inn bilda som eg tok i dag, men ikkje alle ville med.

I går snakka eg med ei dame også -og vi diskuterte tre-sorten LERK- På oppsida og nedsida av fonnvernet veks det tusenvis av små lerketre, og på hele Vallabøen finst det lerk. Vi hadde ei diger lerk i hagen første tida vi budde her, men sjølv om lerka er eit nåletre står den ikkje med nåler heile året, men feller nålene om hausten. Vi hadde ikkje lerka vår lenge, for nålene fauk alle stader opp i takrennene til dømes og inn i huset om dørene stod opne. No driv alle dei små lerketrea ved Fonnvernet og grønkast-dei er fine-særleg når dei er små. Elles ser eg kvitveis og hestehov der oppe og eg likar å følgje med alt som skjer i naturen.
Eg får håpe det blir høve til å få gjort noko i hagen snart, graset veks, så det blir vel ikkje til 17.mai vi klipper første gong-slik som i fjor.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...