tirsdag, august 01, 2017

Dagbok 2017: 1.august



Klokka er19.30, temperaturen + 17 grader C og i dag har vi hatt regnbyger, men mot kveld skin det delvis opp-det er typisk. 
Denne dagen har sprunge frå meg utan at eg har fått utretta så mykje. Det begynte med litt datatrøbbel....og då veit de at det tek tid.
Marit skulle på Coop i Furene og handle og spurde om eg ville vere med. Vi likar godt å handle i lag, men det går litt meir tid enn med dei unge shoppingassistentane mine, for vi må sjå på litt av kvart. Eg skulle ikkje ha så mykje i dag, men kom ut med tre tunge nett. No skal det seiast at eg bunkra opp med melk, både søt og sur.
Då vi kom heim leid det så langt at eg måtte henge i for å få middagen ferdig til rett tid. Heldigvis hadde eg gjort klar makrellen i går, men så måtte eg skrelle poteter.. ...Den steikte makrellen var utruleg god, og vi åt opp alt saman. Men så var det lukta ! Eg lufta og lufta, gjennom dører og glas. Så vaska eg "rundt" på kjøkkenet, med eddikvatn, mellom anna. Men neste gong eg steiker makrell skal eg legge ledning ut og bruke kokeplate. 
Vi fekk ikkje tid til å drikke kaffi før HBO -en hadde vore her.
Det er i morgon Nils skal til Åse. Eg var usikker på om eg skulle vere med, men det var bestilt drosje- med følge. Nils skal på CT i morgon og gjere klart for stråling, han skal ligge på sengepost i andre etasje på kreftklinikken til torsdag, då får han stråle og så blir han sendt rett heim. 
Det eg ikkje veit er om eg også skal overnatte. For sikkerheits skuld får eg ta med meg tannbørsten og andre nødvendige ting. Viss eg skal vere der får dei skaffe meg seng og mat, eller så tek eg bussen heim. Det er ikkje noko problem. Det går buss kvar time. Han/vi får drosje heim att også. Dette kan vi. Har hatt såpass mange turar både hit og dit.
Eg må pakke til Nils i alle fall og ha med medisinliste, det er mykje å passe på, og eg har tatt på meg eit visst ansvar for medisinen.
Nils har vore i bra form i dag, så eg trur det skal gå bra. Og der ute får han kvile seg og får godt stell, det er eg sikker på. Så er det berre å håpe på at strålinga har den forventa verknaden, og at han ikkje blir dårleg etterpå.
Det som er så kjekt med desse HBO-ane som er innom er at vi kan sende beskjed med dei, så vert det meste ordna. Vi har eit bra helsevesen her i landet, men vi høyrer stort sett berre om dei som er misnøgde - ikkje så mykje frå alle dei som synest dei får bra sørvis.
Margrete og ungane er attkomne frå Irland, Solveig og Øystein kjem vel frå Roma i morgon, Håkon og Birte kjem heim frå Hellas på torsdag. Olaug og Alexander er i Roma no. Eirik skal på ferietur i lag med kameratar, men eg veit ikkje kvar dei skal. Det er eit heilt styr å ha oversikt over alle.
No må eg til å førebu meg, drosjen kjem klokka 8.00 i morgon tidleg, så då blir det å stå tidleg opp. Altfor tidleg for slike som meg.

Det er eit underleg lys ute i kveld. Desse bilda tok eg kl.22.30.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...