torsdag, august 17, 2017

Dagbok 2017: 17.august


Klokka er snart 21.00. I kveld har det regna litt, men tidlegare i dag var det varmt og fint, godt over 20 grader, no er temperaturen + 15 grader.
I dag hadde vi avtale om at ein sjukepleiar skulle komme og ta blodprøver av Nils klokka 10.00. Eg vakna i god tid, for å seie det slik.Vi fekk resultatet av prøvene kort tid etterpå, og dei var heilt OK. Om Nils ikkje direkte er i storform, så er han no ganske bra. 
I dag var det såpass tørt i graset at det gjekk an å klippe plenane, og eg for over heile tomta før middag. Eg slo med oppsamlar denne gongen, og om det er noko som trivst godt for tida, så er det graset, synd vi ikkje har dyr å gi det til.
Til middag åt vi berre resten av suppa frå i går. Eg laga ei vaffelrøre, sidan vi venta Eirik på besøk. Men det var Håkon som kom først, så vart det kaffi og vaflar.
Nils fekk seg ein middagslur før vi såg "Kakekrigen", og Eirik kom akkurat då vinnaren skulle kårast. Han har vore her nesten til no, men han skulle rekke farmora også i kveld.
I morgon reiser han til Melhus - og folkehøgskulen der. Det er første gongen han reiser heimanfrå for lengre tid, og han er 20 år. Då tenkjer eg tilbake til den gongen er forlet barndomsheimen for å reise til Solund og vere lærar på Trovåg skule. Då var eg 18 år og akkurat ferdig på gymnas. Men er var ikkje redd for å ta på meg den oppgåva, ung og overmodig som ein eingong var.
Eg ser at det tek til å bli mørkare om kveldane, og eg likar det ikkje. Tida går så altfor fort-særleg sommaren. 

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...