onsdag, juli 05, 2017

Dagbok 2017: 5.juli


Klokka er 20.00, temperaturen er + 16 grader C, og sola skin. SÅ fint har det ikkje vore heile dagen, og det er litt kald vind ute.Vi har stort sett vore inne i dag, og har ikkje hatt anna besøk enn HBO-ane. 
I går hadde vi ein aktiv og fin dag, Nils var i god form og eg hadde heller ikkje noko å klage over. Ikkje før kvelden kom. Då verkte eg i rygg, hofte og stort sett heile venstresida. Noko kom vel av at eg hadde bøygt meg litt for mykje, og noko var nok gikt. I alle fall fekk eg ikkje sove til tross for tablettar, og eg har heller ikkje vore så sprek i dag. Trur det er nordavind ute, og det er "giktvêr".  Det kan no komme seg igjen.
I dag var ikkje Nils i form då han stod opp, og han vart sittande å døse i stolen til langt på dag før han kom seg til. Men han åt både frokost og middag. Det er ofte slik at viss han har vore litt "aktiv" ein dag, blir han litt tufs dagen etter. No er han i bra form og sit og ser TV. Vi har nettopp hatt besøk av ei frå HBO som er sommarvikar. Ho fortalde at ho har eitt år att av legestudiet. Ho heiter Johanne og har hatt Margrete som lærar på VVS. Det er kjekt når alle desse som er innom har tid å prate litt, og som regel kjenner Nils anten faren eller bestefaren deira. Dei gjer ein god jobb.
Som de veit er eg alltid opptatt av å "gjere" noko, og då eg skulle tenke ut kva eg har gjort i dag, måtte eg tenke på songleiken: "Så går vi rundt om en enerbærbusk". For i dag har eg stort sett vaska klede, hengt dei ut, tatt dei inn, lagt i hop og stroke dei samme kleda. Om vinden var litt kald så vart det i alle fall god klestørk. I tillegg har eg sjølvsagt laga middag etc. etc.
Etter middag skulle eg slappe av med lydbok, og sovna sjølvsagt frå heile greia-det var ikkje mykje eg sov sist natt. Har begynt på tre bøker, men kjem visst ikkje lenger.
Hagearbeid har det vore lite av, men eg fekk i alle fall sådd i holet der eg tok opp ein plante i går. Av ymse grunnar står der tre ulike clematis nedanfor tilbygget, og i dag var det kome blomster på to av dei, ein mørkeblå og ein lys lilla.(Har tatt bildet frå altanen). No er det visst tid for kveldsmat, vi åt tidleg middag.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...