fredag, juli 07, 2017

Dagbok 2017: 7.juli

Klokka er 21.40, temperaturen er + 15 grader og det regnar. Ja, dei fekk kjølt seg godt ned dei som kom frå ferie på Rhodos, der det var 40+.
Før middag var det rimeleg fint vêr då eg gjekk ned på Kiwi og handla litt. Nokre av barnebarna hadde sagt at dei ville komme på besøk i dag, og eg fekk ein idé om å servere dei spekemat og rømmegraut, noko som er ganske populært i familien vår.
Og då måtte eg ha rømme. Likte godt å ta meg ein spasertur etter at vi var ferdige med morgonstellet her, og Nils var i bra form. Skrelte poteter først, slik at eg kunne vie meg til grauten då eg kom heim.
Først kom Olaug og Audun frå Hareid, og så kom Håkon frå Volda. Einar var på jobb i Ålesund, så han får ta det att ein annan dag.
Det var kjekt med så mange ungdommar på besøk; når ikkje vi kjem oss så langt ut i verda, er det kjekt at "verda" kjem til oss. For utan tre av våre eigne barnebarn, har vi hatt besøk av HBO-Johanne som var her i går, og ein ung svensk gut som kom i kveld. Alle har noko å fortelle og orientere oss om.
Elles kom her på føremiddagen ein ung gut med ein nydelig bukett til Nils frå Inger, tremenningen hans. Eg angra berre på at eg ikkje fann fram ei anna T-skjorte til Nils før eg tok bildet. Den knallgule T-skjorta var ingen god bakgrunn for dei rosa rosene. Den T-skjorta kjøpte eg i si tid til Nils fordi han er glad i gult, men mest for at eg skal finne han att i store folkemengder -noko som ikkje er så aktuelt lenger. 
Audun hjelpte meg med eit problem eg hadde med datamaskina mi, så no kan eg bruke Word !
Då HBO Johanne kom såg kjøkkenet ut som ei slagmark sidan eg ikkje hadde rydda opp etter middagen. Grunnen til det var at oppvaskmaskina ikkje var ferdig å vaske opp. Då vi vart att åleine vart det tømming av oppvaskmaskin, rydding og shining av kjøkkenet. 
Og så måtte eg lage ny telefonliste, no når eg endeleg fekk lage tabellar igjen. Eg har med andre ord vore nokså aktiv i dag, men etter at Nils og eg hadde tatt oss litt kveldsmat, slappa vi av med den herlige Leonard Cohen-konserten på NRK 1. Det var ein høydare for meg i alle fall. Eg set alltid på tekst når det er noko eg vil høyre på TV, då får eg med meg meir av tekstane på songane også-det gjeld både dei norske og dei engelske tekstane.
Vi har hatt ein fin dag! Men i morgon skal eg GÅ ned til urmakaren med klokka mi, for no er eg lei av å vere ute av tida.
Ønsker alle ei fin helg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...