mandag, mars 27, 2017

Dagbok 2017: 27.mars

Klokka er no snart 21.30, temperaturen er + 6 grader og det har regna så smått i heile dag. Kom att frå Ørstaheimen for ein halv time sidan, eg er der ganske lenge dei fleste dagane.
I dag tykte eg ikkje Nils var så sprek, men etter at han hadde ete middag, sove litt og fått seg kaffi, var han i fin form. Og takk for det. Uansett slappar eg betre av når han er på heimen; når han er heime er eg meir uroleg for kva som kan skje.
I dag før middag var eg trøtt til tross for at eg hadde sove både godt og lenge; eg skuldar litt på sommartida, men mest på vêret. Eg prøvde å gjere diverse "forefallande" arbeid, vaska litt, rydda litt, strauk litt klede  etc. Og så måtte eg ut og hive vekk litt snø frå "garasjeplenen" for no er dei små blå på veg. Nedanfor huset er det bert, og snart må eg starte på våronna-trur eg.
Eg hadde noko godt flesk som eg hadde salta sjølv, så i dag steikte eg flesk og pannekaker. Eg åt godt før eg for ned på heimen, men steikte to små pannekaker, så Nils også skulle få smake.
Det kunne eg ha spart meg! For i dag var han overfóra. Karbonadar klokka 13(lunsj) og fiskekaker (middag) klokka 16 ; det blir i meste laget for folk som ikkje er i aktivitet. Det har blitt snakka og skrive mykje om mat og måltid på institusjonar, og trenden er å ha seinare middag. Eg trur det er greitt å ha middag kl.16.00 eller der omkring, slik dei fleste har vore vant til, men det blir kort mellom måltida! Og så er det kveldsmat klokka 19.00. Det er tidleg! Men så skal ein vel også ta omsyn til dei som jobbar der.
Eg måtte i alle fall ta pannekakene med meg heim att, så no må eg ete dei til kvelds.


2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med dagen, Olaug! Kjekt at du og Nils har hatt ein fin dag på Ørstaheimen.
Helsing bror og svigerinne

Besta sa...

Takk for det. Vi har gode dagar så lenge Nils er såpass som han er no.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...