mandag, mars 06, 2017

Dagbok 2027: 6.mars.

Klokka er 21.15, temperaturen ute er minus 4 grader, men dagen har vore fin og "varm" i sola.
Eg brukar å seie at siste halvåret har eg stort sett vore på vandring; pr. bil, buss og på føtene. I morgon ventar eg Nils heim, og då håper eg inderleg at vi kan få vere heime i lag ei stund. Nils har hatt det godt på Ørstaheimen, men heime er no best uansett, så sant helsa tillet det. I høve heimkomsten har eg pussa glaset på omnen i dag, det er lenge sidan det har vore så fint.
I dag tidleg fekk eg melding frå ei veninne om at ho var ledig i dag i tilfelle eg ville ha ei shoppingrunde. Eg greip sjansen. Blant anna var vi til Volda, der eg fekk kjøpt meg to nye bukser på Møre konfeksjon. Noko eg sårt trong; ikkje berre var dei gamle buksene gamle, men dei var også for store. Mat handla vi begge på Coop i Furene og så drakk vi kaffi på kafeen der. Ho køyrde meg heim med varene, og så ut på Ørstaheimen.
Eg hadde tenkt å gå heim att etter besøket hos Nils, men så dukka det opp ein kjekk ung mann, og det vart han som frakta meg heim til slutt. Då hadde sola gått ned, og det var kaldt, så det var ikkje lenger like fristane å gå. Eirik har vore ein tur til Oslo, kom att med flyet og hadde bilen sin i Ørsta.
Eg veit ikkje korleis eg nokon gong skal få takka alle som har skyssa meg hit og dit og hjelpt meg på andre måtar denne vinteren. Som eg har sagt så mange gonger: Ein god familie, gode naboar og andre venner er det beste ein kan ha i vår situasjon. Håpar vi skal klare oss utan altfor mykje hjelp ei stund framover no. (Men litt mas blir det vel)


Ingen kommentarer: