onsdag, desember 28, 2016

Dagbok 2016: 28.desember.

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 8 grader C, og så vidt eg har observert har vêret vore rimeleg bra i dag. Det var i alle fall lyst ei stund, og trappa er tørr. Eg var ein tur opp til postkassa i dag, elles har eg ikkje vore ute.
I går fekk vi ikkje tak i rørleggar, men i dag kom det ein kjekk ung mann og fiksa kjøkkenkrana på mindre enn fem minutt, så no slepp vi den irriterande sildringa. Eg fekk jobben med å springe opp og ned i kjellaren og stenge/opne hovudkrana.
Ein del av føremiddagen gjekk faktisk med til å fylle ut skjema for pasientreiser. Snakk om tungvint system! Eitt og samme skjema skal dekke alle eventualitetar. Dei kunne no hatt ein litt forenkla versjon for bussreiser til og frå Åse sjukehus t.d. Eg veit ikkje om det blei rett, for sant å seie er eg analfabet når det gjeld skjema, reint generelt. Vi får det vel i retur.....
Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag, vi har site mykje framfor TV-en og sett sjakk, berre i ei av pausane sovna eg litt. Eg strikka på dei evinnelege lestane mens eg sit der og glor, og i dag var det ikkje fritt for at ei og anna maske datt av pinnen. Men det gjekk no bra til slutt-med Magnus.
Vi har ikkje ete middag i dag, men tok oss skiver med sild etc. i staden. Brødskiver funkar betre for Nils enn middagsmat og i dag har han hatt ein god dag. Både han og eg sov lenge om morgonen, og når han har sove seg godt ut er han i betre form.
I morgon må eg ha meg ein tur nedover for å poste brevet med reiseskjema, og så skal eg hente medisin på apoteket. Blant anna.
Eg har leita fram det fine sjakkbrettet vi kjøpte i Tyrkia for lenge sidan, det er laga av slipt stein. Der er steinbrikker til, men dei har eg ikkje klart å finne att enno. Må nok gjere eit djupdykk både her og der for å finne dei att. Dagane går veldig fort til tross for at det ikkje skjer så mykje, og vi slepp å tenke på at ferien skal ta slutt.

2 kommentarer:

Elin sa...

Eg vil anbefale å bruke nettet med reiserekningar! Då skriv ein berre inn sjukehus og dato, så blir det rekna ut med ein gong, og kjem på konto etter kort tid. Ein må sjølvsagt registrere seg.

Besta sa...

Takk for tipset!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...