søndag, september 18, 2016

Dagbok 2016: 18.september

Klokka er ca. 18.30. Temperaturen på trappa er + 20 grader C, max. temp i dag +25 grader. Det har vore nydeleg vêr i dag, sol og varmt. Om sommaren er vi ikkje "plaga" med at det blir varmt inne, men no når sola står lågare på himmelen må vi sette opp både dører og glas.
Nils var i bra form både torsdag, fredag og laurdag, så no trudde vi det verste var over, og at vi for ein gongs skuld kunne finne på noko kjekt om sundagen.
Slik vart det ikkje. Nils var elendig i dag tidleg og vart liggande etter at eg hadde stått opp. Eg rekna med at han kom seg etter kvart, men klokka var nærmare 17.30 før han kom seg fram or senga. Og då var det ved hjelp av diverse tablettar. Frisk er han ikkje no heller, men han er i alle fall oppe.
Det seier seg sjølv at det vart ein noko trasig dag for meg også. Hadde det vore kvardag kunne eg jobba ute, slik eg har gjort i heile sommar, men om sundagane held vi fred.
Det er mykje eg kan gjere inne også, men ein har no lyst å nyte finevêret også. Dermed har eg site/lege på altanen og lese i lydboka mi. Men det er vanskeleg å samle tankane somme tider. Dessutan er boka av det slaget som "hoppar" i tid og stad og det er litt problematisk når ein les lydbokversjonen. Boka har fått terningkast 6-og den er ikkje dårleg.
No håper vi på at Nils blir betre i morgon, og så må han lære å ta det med ro sjølv om han føler seg bra innimellom.
Jørn var her og spurde etter Nils -elles har vi ikkje snakka med nokon i dag.
No har han i alle fall funne seg litt sport på TV.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...