lørdag, september 17, 2016

Dagbok 2016: 17.september

Klokka er 23.15, temperaturen ute er + 17 grader C. I dag var asfalten våt då vi stod opp, og vêret var ganske grått, men det lysna utover dagen.
Nils var i bra form og eg foreslo at vi kunne ta ein tur til Volda og besøke grava til Harald, sidan vi ikkje var der på gravferdsdagen. Og det gjorde vi. Ingen av oss hadde vore der før, men vi fann lett fram. Gravplassen på Rotset er veldig fin, og mykje større enn eg hadde trudd. Vi fann grava, men det er kjekt å ha bildet som Ingeborg tok mens kransane var friske og fine.
Sidan vi likevel var i feil kommune, handla vi på Coop i Furene. Eg likar meg betre der enn på Coop på Amfi. Eg klaga i går over at eg ikkje hadde mat i hus, men det har vi no. Det er merkeleg: Vi har ete lite i sommar, men trur aldri vi har handla så mykje som i år. Det kan vere fordi vi er vant til å ha fisk og fiskemat tilgjengeleg. No kjøper vi alt. Var innom Kiwi på heimvegen og kjøpte nokre ting som vi hadde gløymt.
I dag handla vi inn til fårikål. Har sett fram til at Nils skulle få lyst på det, og no va tida komen. Sette på gryta med set same eg hadde fått alle matvarene på plass i diverse kjøleskap og frysarar. Fekk melding frå Solveig at ho ville komme innover i 18-tida. Vi åt middag 16.30. Men hadde eg visst at Øystein ikkje var komen heim att, hadde eg sjølvsagt invitert Solveig til å ete middag med oss. Kor tankelaus er det lov å vere? Vi får ta det att i nær framtid, for no ser det ut til å gå framover her. Då tenkjer eg på helsa til Nils.
Solveig kom som avtalt, og fekk no kaffi om ikkje anna. Ho hadde med seg heimelaga rundstykke, blomst etc.
Etterpå vart det ei lang stund framfor TV-en.
Gløymde å ønske god helg i går. Dagane og vekene går så fort at eg heng ikkje heilt med. Håper de får ei god helg uansett.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...