tirsdag, august 30, 2016

Dagbok 2016: 30.august


Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 15 grader C og det har regna i heile dag.
For meg som har vore mykje ute i sommar er det ei straff å bli gåande inne. Men for å få gjort noko eg skulle ha gjort for lenge sidan, var regnvêret kjærkome.
I dag fekk eg endeleg vaska overskapa på kjøkkenet, ein jobb som eg har ein tendens til å utsette, ikkje fordi det er ein stor jobb. men eg må KLATRE- og det likar ikkje hofta mi. Men eg brukte bordet, så eg stod godt og heile jobben var gjort på ei lita stund.
Så kom kamerat Kjell med makrell, og han sat ei stund og prata med Nils, som framleis ikkje er i form.
Eg raida kjøleskapet og fann både fløte og rømme, så eg kokte ein klatt rømmegraut. Prøver å feite opp Nils, men eg er redd for at det er eg som profitterer på det.
Sidan eg ikkje hadde noko spesielt eg måtte gjere, og sidan Nils likevel ligg på sofaen, sette eg meg i liggestolen med Stålesen. Det går litt treigt med den boka, for eg har det med å sovne og  må lese om att.
Til "middag" fann eg nokre pølser og poteter som eg steikte på panna, må få unna litt restar. Det er ikkje hjelp i å lage til så mykje, for Nils har ikkje appetitt. Det blir tvangsforing.
Eg følte meg ikkje særleg nyttig i dag, men så fekk eg eit oppdrag.
Eg skulle skrive av ein song til pensjonistmøtet i morgon og trykke det opp i 40 eksemplar.
Eg fann songen på nettet i ørten variasjonar, men sette no i hop det som eg tykte var rett. Problemet mitt er at eg har ny datamaskin som eg ikkje er heilt fortruleg med, så det blei mykje klabb og babb før alt var i orden. Då måtte vi skifte blekkpatron-heldigvis hadde vi ei på lager. Så no er jobben gjort, og eg har lært ein god del.
I morgon blir det full fart med førebuing til møte etc. Det plar alltid vere fint vêr når vi har pensjonistmøte, så kanskje det letnar litt i morgon?

Bildet over: Viss eg ikkje tek feil, så fekk Ingeborg hundane av oldemor Johanna. Ho hadde fått dei av Nils ein gong i tida. Slike pyntefigurar var veldig populære på 1950-talet, då det igjen vart noko å få kjøpt i butikkane.(Eg fann dei under skapryddinga i dag.)

Ingen kommentarer: