mandag, august 29, 2016

Dagbok 2016: 29.august

Klokka er snart 21.30. Temperaturen er ca.+13 grader C og akkurat no begynte det så smått å regne litt. Elles har det stort sett vore opplett i dag.Bildet øvst på sida kan sjå litt rart ut, men eg har altså stått på altanen og tatt bilde av clematis-blomstrane ovanfrå. Der er tre sortar: Mørk lillablå, lys lavendel og rosa/kvite. Under er det bilde av den eldste clematisen, og nedst av dei tre sortane i "skjønn forening".Det er meir og mindre tilfeldig at det blei slik.


Håkon skulle kome og plukke plommer i dag, meir og mindre etter ordre frå Einar. Det vart litt seint før han dukka opp, så det vart mørkeplukking til slutt. Men han tok det som var i toppen av treet.Trur ikkje der er så mykje att no.
I dag har eg ikkje gjort mykje. Eg fekk ikkje lov av Nils å klippe plen, så den planen gjekk i vasken. Graset er ikkje så  langt, men det er meldt regn aldri så langt framover i tid. Så baka eg brød og farga håret i staden.
Nils hadde time hos fastlegen klokka 14.30, så vi kom oss ikkje til med så mykje. Det var rutinekontroll og ikkje noko spesielt. Han måtte seie frå seg timen tidlegare, då var han ikkje i form til å  møte opp. Han er ikkje så veldig i form no heller, men er no oppe for det meste.
Eg var ute og raka litt under plommetrea. Opalplommene modnast ikkje jamnt, og nokre rotnar før dei dett ned.
I dag fekk Nils lyst på Taco igjen, så då laga eg det. Vi er så glade for at han får i seg mat, same kva det er. Eg sette meg i godstolen med lydbok etter at vi hadde ete, og sovna. Etter min smak er Stålesen ganske kjedelig, og denne boka eg les no er ikkje hans beste. Eg vakna då Håkon køyrde ned på tunet.Og så kokte eg kaffi, så no spørs det om det blir ein sein kveld.


2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi har også hatt ein del plommer, ikkje lett å få nytte alt. Når lauvet er vekk, må vi ta ein skikkeleg jobb med beskjæring av frukttrea våre. Då det var meldt bra ver i helga, vart det tur på hytta laurdag- måndag. Godt å kome seg ut av eigen hage av og til.

Besta sa...

Ja, beskjering må til her også. Og eg skulle også gjerne ha vore på turar, sjølv om eg trivst godt i eigen hage, berre eg får vere ute.

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...