lørdag, august 20, 2016

Dagbok 2016: 20.august.


Klokka er 19.15. Temperaturen ute er +  20 grader. Sola har vore av og på i dag, mest på, og no skin den. Eg har nettopp dusja og vaska håret, så no har eg tatt helg. 
Eg har hatt ein relativt hard arbeidsdag i dag, men det er ingen som tvingar meg. Andre strevar seg opp på høge fjell, men eg mosjonerer i hagen.Og likar det.
Eg skal vere ærlig og innrømme at eg ikkje var så tidleg oppe, men så  hadde eg ei bra arbeidsøkt. I dag hadde eg som mål å male opp nokre greiner på kompostkverna. Det låg nokre greiner av eit ripstre att, så stussa eg barlinda utanfor kjellardøra og (det verste) eg klipte heilt ned den store New Dawn-rosa på tilbygget. Den irriterte meg av fleire grunnar. Den var altfor høg og låg framover, dessutan dryssa den heile tida-og den var ikkje særleg vakker. Eg har klipt den ned før og den har vakse opp att, men om den ikkje gjer det denne gongen, lever eg bra med det. 
Eg var nesten ferdig å male opp alt, då stod maskineriet i sju steinar. Eg visste kva som gjorde det, men eg måtte inn å høyre med Nils kva verktøy eg skulle bruke for å fikse den. Men då stod han opp, kledde på seg og kom ut og fiksa maskineriet sjølv. Ivar kom opp ein tur og prata litt og det var veldig hyggelig. Kjekt for Nils å prate med folk,  han blir fort sliten, men etterpå greidde han å vere oppe så lenge at han fekk sett handballkampen.
Eg fann ut at sidan eg måtte sette i gang maskineriet igjen, kunne eg like godt rydde i bringebæråkeren, og det gjorde eg. Til slutt klipte eg plenen rundt huset og tok med rusket som låg att. I dag klipte eg rundingen for første gong. Då var eg ganske sliten, og i tillegg ser eg ut oppover armane som om eg har vore i kamp med ilske kattar. Slik går det når ein ikkje har vit å bruke langerma klede når ein jobbar med roser.
Nils la seg att etter kampen, då var han sliten. Det går ikkje fort framover.
No skal eg ut og hente ei plomme til Nils-og ei til meg sjølv.

Her er tre ulike clematisplantar -og alle tre blomstrar. Dei får betre plass no når rosa er borte.

Dette er den eldste clematisen. Eg har tatt to avleggarar av den og planta andre stader.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...