Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 20 grader C og det er fin sol. Tidlegare i dag har det vore meir skya.
Sundagane er det ikkje så mykje eg kan gjere ute, men eg hadde ein plan. Eg hadde 4 GODT modne bananar liggande, så eg skulle lage banankake. Eg veit ikkje kvar eg har gjort av oppskrifta mi, så eg måtte ty til nettet . Der var det tusenogein oppskrifter på banankaker, så det var berre å finne ei som var lettvint. Det vart ei slags nokså flat skuffekake, men den er i alle fall godt etande og bananane vart berga.
Nils låg utover føremiddagen, men eg hadde klesvask som skulle vaskast og brettast og diverse anna å henge fingrane i.
Han stod opp i dag, det er lenge sidan sist, så eg nytta høvet til å bytte på sengane.
Etter ei stund begynte han å snakke om mat, og som eit slags kompromiss enda vi opp med ein skikeboks med Torosaus- Bali kyllinggryte til + ris, ananas og mais. Det smakte faktisk godt, og Nils åt to porsjonar. Eg åt sikkert for mykje,for eg har vore heilt stinn etter middag. Det var minst ei veke sidan eg har ete anna enn brødskiver.
Og så skulle han forsyne meg ha kaffi også! Det er veldig lenge sidan han har orka. Eg synest det er så kjekt at livet er litt meir normalt, og det vi er spente på no er om han får sleppe siste dosen, eller om nok er nok.
Elles så skjer det ikkje så mykje når vi går her og tutlar, men plommene modnar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16.juli
Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går s...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar