fredag, august 19, 2016

Dagbok 2016: 19.august

Klokka er ca 20.30, temperaturen er + 17 grader og skodda ligg langt ned i fjellsida. Men i dag var det faktisk sol og sommar nokre timar midt på dagen.
Nils har lege det meste av dagen, men han kava seg fram såpass han fekk dusja og barbert seg. No har han stått opp igjen og fått på seg klede. Han sit i reclineren og ser fotballkamp. Og det er eit framsteg.
Eg hadde tenkt å støvsuge i dag-men fann ut at det på ingen måte var eit behov. Det er stort sett berre eg som har luska rundt siste veka-i tillegg har eg vore mykje ute, så eg har ikkje laga så mykje støv.
I staden gjekk eg ut og raka skråninga, vart lei av å sjå på høydottane som låg att. Gjorde litt anna hagearbeid også.
Seinare på dag var eg ute og plukka rips med saks igjen. Men eg har skylt bæra i kaldt vatn og fått bort både lauv og anna smårusk. Har ikkje reinska dei, for desse bæra er berre til saft. No har eg 10-12 kilo med gryteferdig rips i frysaren om nokon kjenner trong til å safte dei. Trur dei ligg trygt her.
Fekk meg ei lita sole-/ lesestund på altanen seint på ettermiddagen.
Elles så går eg pasienten litt til hånde innimellom. Og slik går dagane. Vi har det på ingen måte vondt, men ser fram til at Nils skal komme til krefter igjen-og få att matlysta
No er plommene begynt å modne, vi har smakt litt på dei i dag, men det kan hende vi treng litt hjelp til hausting seinare. Eg skal seie ifrå når vi ønsker besøk, slik det er no, er det berre slitsomt for Nils å ta imot folk. Det trur eg alle forstår. Men det går an å ringe og prate litt med han viss nokon har lyst til det.
Så er det fredag igjen og så er det berre å ønske alle ei god helg. Her er vi plaga med skodde, som så ofte før. Eg innbiller meg at veret er finare sør om fylkesgrensa.

2 kommentarer:

solveig sa...

Skodda letta ikkje i heile dag her ...

arieldog sa...

Fint om de seier ifrå når de ønskjer besøk!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...