Klokka er 18.30. Temperaturen er + 14 grader og det er fotsid skodde og regn. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag heller, og føler på at det har vore enda ein sundag. No lengtar eg etter å komme ut og jobbe i hagen, det er deprimerande å bli gåande inne heile dagane.
Sist natt sov eg veldig dårleg, verkte i begge føtene heile natta, men så snart eg stod opp var eg bra. Og det var no bra.
Nils låg det meste av føremiddagen, eg brukte åleinetida til å strikke, lese og bake brød.
Litt seinare laga eg middag, i dag vart det steikt bacon med spagetti og tomatpuré. Det var ikkje så mykje Nils fekk i seg, men han tek nok ein porsjon til når det lid på.
Eg har vore lat og lege på sofaen og lese bok. ein kan bli lei av det også.
Eg gler meg til det blir ute-vêr igjen, for eg har mykje å ta att. Ripsen er kanskje heilt øydelagd av regnet, men kanskje vi bergar plommene, såg dei heldt på å få farge. Godt dei ikkje var modne før regnet kom.
Har ikkje mykje å berette i dag, så dette er berre eit livsteikn. Trass alt har vi det bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16.juli
Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går s...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar