Klokka er ca. halv ni. Temperaturen er + 16 grader C, og skodda kjem krypande nedetter fjellsidene.
Skodde var det i dag tidleg også, men det skein opp og vi hadde sol og sommar nokre timar.
Nils har vore elendig i dag, noko som ikkje var heilt uventa. Han låg mykje av føremiddagen, og etterpå sat han i ein stol. Heldigvis for han er der mykje sport på TV.
I dag berre måtte eg ut og styre litt i hagen, det kan ikkje vere til sjenanse for nokon når eg ikkje brukar maskiner og bråkar? Først rydda eg bedet oppe ved garasjen, så kom naboane og prata litt, og så sette eg i gang med ripsen. Først demonterte eg eine ripstreet-det skal vekk! Men der var litt fine bær på treet som eg plukka, rensa og fraus. Etterpå klipte eg to-tre greiner av det treet som skal få stå, der var kjempemykje bær på greinene, men dei egnar seg berre til saft. Eg skylte bæra og fraus dei. Der er mykje bær att, men dei må plukkast frå treet, kan ikkje klippe det så mykje meir no. Trur eg.
Stikkelsbæra er modne, men der er ikkje så mykje i år, så det blir berre å gå og ete på.
Nils har ikkje ete stort i dag, men eg får no i med så mykje at eg ikkje svelt i hel med det første.
No i kveld var eg ut ein tur og rydda skikkelig opp att etter meg. Innimellom har eg strikka på eit lestepar og lese i boka mi. No er eg snart lens for lesestoff igjen, dei var så korte dei bøkene eg lånte sist.
Det er trasige dagar når NIls er så utslått-men vi håper det er ein overgang.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar