Klokka er snart 19.00, temperaturen er + 14 grader C og det styrtregnar ute.
Sist natt sov eg godt og lenge, og vakna i dag tidleg så låk i ryggen at eg trudde ikkje eg kom meg opp. Det gjorde eg, og då eg hadde bevega meg litt rundt, var eg heilt fin.
Men eg var glad for at vêret ikkje var så fint, for då hadde eg måtta klippe plenane, og no var dei så grøne og fine at eg hadde ikkje lyst å øydelegge dei.
Nils har vore relativt bra i dag, men reaksjonen kjem kanskje ikkje før det har gått nokre dagar.
Akkurat no er han ute i hamna med Jørn, som skal ha ut båten sin etter at den har vore på sørvis i Fosnavåg.
Det einaste eg har gjort i dag er at eg har støvsuga teppegolva og sett på ei vaskemaskin.
Har ikkje laga middag enno, men vi åt egg og sild til lunsj.
I går kveld fann Nils ut at han ville ha pizza, så vi var ned på Kiwi og kjøpte. Han åt ein liten bit-så var det nok. Eg kan ikkje halde på å lage mat som han ikkje vil ha, heller.
Eg har problem med å halde styr på vekedagane. I dag er det fredag men i hovudet mitt er det laurdag, så får vi sjå kva det blir i morgon.
Elles har eg strikka og høyrt bok, mens Nils ser sport på TV.
Eg saknar å vere ute og jobbe i hagen; det blir vel slutt på regnet ein gong. Det er i alle fall ikkje snø i fjella lenger, ikkje som vi ser i det minste. Har nok å styre med inne, men kjem meg ikkje i sving liksom.
Ønsker alle ei god helg, og neste veke er det vel mange som skal begynne på jobb igjen. Akkurat det er det godt å sleppe no når vi er gamle.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
I dag har det regna i hovudstaden og. Så det vart bytur med shopping m.m.
Legg inn en kommentar