torsdag, august 11, 2016

Dagbok 2016: 11.august

Saudehornet i dag. Bildet har eg "stole" på Facebook.


Klokka er ca 19.30, temperaturen ute er + 13 grader C og sola skin.
Vi sov ikkje godt sist natt, det er rart med det når ein veit ein skal tidleg opp og  ut på reise. Sjølv om det ikkje var så mykje spenning knytta til dette sjukehusbesøket, er det noko som foregår i bakhovudet.
Vi stod opp før klokka var sju, noko som var heilt vanleg før, og då låg det nysnø langt ned i Vallahornet som er ca 800 meter høgt. Då vi kom om bord i bussen, viste temperaturmålaren at det var + 7 grader ute. Ikkje akkurat sommartemperatur.
På sjukehuset gjekk det greitt, berre eitt lite uhell. Ho som tok blodprøve kom til å stikke såpass hardt at blodet fossa og vætte ut skjorta, så Nils måtte få låne ei sjukehusskjorte mens vi var der. Det var mest på grunn av at dei var redd for at det var radioaktivt blod. Men det var det ikkje, kunne ein lege forsikre om. Ho som tok blodprøva visste kanskje ikkje at Nils går på "tynnar". 
Vi hadde ikkje møte med legen i dag, så vi veit ikkje noko meir enn det vi visste før. Bussturane gjekk fint begge vegar, men eg trur vi var 4 passasjerar utover og 6 heim att.Det må no bli ganske dyrt å køyre nesten tomme bussar- kvar time.
Då vi nærma oss Ørsta begynte vêret å bli stadig finare og på Rjåneset var det sol og finevêr. Det to bilda  øvst på sida tok eg frå trappa med det same vi kom heim.
Vi fann oss noko mat, og eg hadde meg ein runde rundt huset. Jørn kom og skulle snakke med Nils, men då vi vart åleine att flata vi ut og sovna. Noko skikkeleg middag har vi ikkje hatt enno, men det er enno mykje att av kvelden.
Bilda under teksten tok eg klokka 19.30. Mykje av snøen er borte no.
Pensjonistlaget reiste på tur i dag, dei skal blant anna til Gålå og sjå Peer Gynt. Eg er glad for at vêret betra seg.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...