Klokka er 18.15, temperaturen er +9,9 grader C og det regnar- ikkje berre litt, men mykje. Der deler vi skjebne med det meste av Vestlandet og vel så det. Sat og såg ut ista og lurte på om det var regn eller snø som kom frå himmelen. Forresten har vi fått snø i dei høgste fjelltoppane.
Men etter at dette vêret er over, får vi nydeleg sommarvêr- DET er eg heilt sikker på. Og så håper eg på litt betre vêr i morgon, eg likar ikkje Vardalstranda i ekstremvêr- med tanke på store elvar og ev.ras.
I dag har vi vore inne heile dagen - med godt samvit, og eg har no fått "gjort" eitt og anna. Til dømes tok eg fredagsvasken i dag, sidan vi skal vekk i morgon, støvsuginga tek eg fredag. Har vaska, tørka og lagt i hop ein klesvask, laga middag, stoppa sokkar etc.etc. Men eg somna på sofaen etter middag, blir så trøtt i slikt vêr. Har lese litt i boka mi også, mens eg stoppa. Eg trur eg må vere litt pervers for eg likar å stoppe sokkar/lester. Ikkje at eg gjer det så fint, altså.
Nils har vore i bra form, men sit stort sett i reclineren - og ser TV innimellom. Men så snart han kjem seg litt, er det ny forsyning. I morgon må vi tidleg opp, for vi skal vere på Åse sjukehus klokka 10.00. Må ta 8 - bussen herifrå då.
Eg er glad plommene ikkje er modne for då hadde dei blitt øydelagde, no er det håp om at dei kan modne når sommaren kjem att. Eg trur graset veks fort no når det blir så rikeleg vatna, men det går nok ei stund før eg får klippe det. Det er ei veke siden eg klipte no. Vi skulle ha hatt ei geit!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16.juli
Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går s...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
De får ha god tur i morgon!
Legg inn en kommentar