tirsdag, august 09, 2016

Dagbok 2016: 9.august.

Klokka er 19.45, temperaturen er +11 grader C og det har regna i heile dag. Grått og trasig har det vore ute- og energien min er proporsjonal med vêret om ein kan seie det slik. Lågtrykk = låg energi. No har vi ikkje nokon direkte problem verken med flaum eller anna, så vi burde ikkje klage, men vi er utan TV i alle fall. Gale nok det. Men Nils ringde til Tussa og der arbeidde dei hardt for å få ordna feilen. Rett over vegen har dei også Tussa fiber og dei har TV.
I dag var vi oppe litt tidlegare enn vanleg. Nils var ikkje i form, så vi kunne ikkje fare nedover og handle før han kom seg til litt. Eg hadde for så vidt ikkje noko imot å sitte og lese i boka mi ei stund. For å bøte på husmorsamvitet strikka eg på ein lest mens eg hadde bok på øyret.
Klokka blei over 12 før vi kom oss ned på Amfi. Eg hadde ærend på apoteket og på parfymeriet i tillegg til Coop. Handlar rikeleg når eg først er på butikken.
Eg hadde tenkt vi skulle ha fiskekaker i dag, men då vi kom heim fekk Nils lyst på Taco. Og sjølvsagt var det akkurat tacolefser og krydder eg mangla i mitt rikhaldige varelager. Dermed måtte vi nedom nærbutikken og få tak i det.
At vi åt godt begge to er ikkje vanskeleg å forstå. Nils vil helst ha "sterk" mat, for smaksevna er noko redusert." Eg et kake og ka det er", som han sa onkelen min då han var liten og kom inn til naboen som var midt i julebaksten.
Etter at vi hadde ete var eg så dum som eg av og til er, eg la meg på sofaen og sovna. Og ingen ting er så kaldt som ein uoppvarma skinnsofa, så eg vakna med "frostskadar". Nils måtte fyre i omnen og så kokte eg kaffi- berre til meg sjølv. Nils synest ikkje om kaffi for tida.
Eg har tusen ting eg kunne gjere inne, men eg har ikkje lyst. Eg har lyst ut og jobbe i hagen ! Frøa som vi sådde der badebassenget hadde stått ligg og flyt i vatn. Vi skulle sjølvsagt ha hakka opp jorda før vi sådde. Der bassenget stod har jorda lagt i press på månadsvis, ein slikt basseng fullt av vatn veg jo mange hundre kilo.
No har eg lese ut boka mi. Den neste boka blir vel den om Hitler, den les Margrete også no.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...