søndag, august 28, 2016

Bok nr.57 - 2016: Livet til det betre

Livet, til det betre
Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda. To lydbøker for prisen av ei! Her får du også historia om Billie, som tidlegare er gitt ut på lydbok!
Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge.
Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv.
................................................................
Eg såg fram til å lese denne boka, sidan eg likar bøkene til Gavalda. Dette er eigentleg tre separate fortellingar som på ingen måte heng i hop. Men alle skildrar dei menneske som lever eit miserabelt liv på ein eller fleire måtar. Dei to første fortellingane var berre sånn passelige-eg vart litt skuffa. Var det "Saman er ein mindre åleine" på nytt? Eller?
Den tredje fortellinga "Billie" har eg lese før, den har kome i lydbokform åleine. Men med min hukommelse gjer det ingen ting at eg har høyrt den før, for eg hugsa ingen ting.
Og kva skal eg seie? Mest lyst har eg å seie at her "dansar forfattaren fletta av meg"-men då er eg vel litt påverka av språket i fortellinga. Eg trur ikkje alle ville applaudere språket, men for meg funka det heilt suverent. Og ho som les er berre fantastisk.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...