torsdag, juli 07, 2016

Dagbok 2016: 7.juli

Klokka er  snart 18.00, det begynte akkurat å regne litt ute, men det har vore fint før i dag og temperaturen er framleis +18grader C.
Eg starta dagen med støvsuging, mens Nils la seg nedpå litt etter frokost.
Så måtte vi nedover ein tur-noko som ikkje var planlagt. Men i går var eg uheldig og braut av ein "brillestanga", eller kva det no heiter. Hadde heldigvis nokre gamle briller som funkar relativt bra, så heilt blind er eg ikkje. Var ned på optikerbutikken, og no får eg ny innfatning, same sorten som eg hadde, så kan dei bruke glasa, det er no dei som kostar pengar. Brillene var berre 3 år gamle, og eg plar ikkje skifte oftare enn 5.kvart år. Får dei "nye" brillene i morgon.
Tidleg i vår knuste vi lampen på WC og sidan har vi vore utan, dvs. utan kuppel, lys har der vore. Vi bestilte ein lampe på Skeidar, men den hadde vi så å seie avskrive. Men i går ringde dei. NO var lampen komen, så den vart henta i dag.
Elles har eg no styrt med litt diverse husarbeid. Har blant anna laga middag. Nils har vore så låk i hofta i dag at han har ikkje vore god til noko. Han har tatt Paracet eit par gonger, og det hjelper ei stund. Eg er ikkje heilt god i hofta sjølv, det har eg ikkje vore dei siste 12 åra, men det er bagateller no samanlikna med då eg var skikkelig dårlig. I dag er eg ikkje sikker på om eg har låkt fordi eg klipte for mykje plen i går, eller fordi eg ikkje har klipt plen i dag. Når eg køyrer grasklipparen har eg det heilt fint. Men du store verda kor stygge plenane er etter at dei var gjødsla med kalksalpeter for å få bort mosen, dei er meir brune enn grøne.
I kveld skal eg sjå 2.semifinale, eg ser ein del kampar på slutten av mesterskapet.
Amanda har kome inn på musikklinja på VVS frå hausten av og er lykkeleg og glad for det.

Ingen kommentarer: