lørdag, juli 16, 2016

Dagbok 2016: 16.juli

Klokka er snart 19.00, temperaturen er + 13 grader og det har regna i heile dag- og gjer det framleis.
Eg hadde så smått tenkt å klippe plenar i dag, det måtte eg berre gløyme.
Nils var ikkje i form til å fare til Vik f.m. så vi heldt oss heime. Vi har alt vi treng i hus, bør ete litt tomt før vi handlar inn meir. 
Eg tok fram kleda som skulle strykast, og det gjekk fort unna-trur eg-tok ikkje tida. Eg likar å stryke. Elles har eg ikkje gjort noko til nytte. Til middag fann vi ein pizza i frysaren, og dett var dett.
La meg på sofaen med Knausgård og etter å ha sovna og vakna nokre gonger, vart eg ferdig med boka.
Då dusja eg og vaska håret, så no føler eg at det er helg. Det har eg forresten følt i heile dag. Både Nils og eg innbiller oss at det er søndag, så kva vi trur i morgon, veit ikkje eg.
No skal eg høyre dagsnytt, eg orkar ikkje å følge med i statskupp og terror heile tida, men må få med dei viktigaste nyheitssendingane.
Vi har det bra- og verda elles kan vi ikkje gjere så mykje med.

Ingen kommentarer: