Klokka er 20.05, temperaturen ute er + 17 grader og det har regna mykje av dagen. Enda så fint det var frå morgonen av. Wenche og eg har vore inne heile dagen, men alle gutane var på fisketur og fekk bra med makrell.
Middagen i dag var ikkje noko særleg å skryte av, sjølv om utgangspunktet var greitt nok: laks med pesto og tagliatelle + diverse fiskekaker. Eg kom litt i tidsnød til slutt, så maten var deretter. Ingen klaga, men eg vil påstå at den halve gulrotkaka som var att frå i går var meir populær.
Elles har vi hatt ein veldig rolig dag på alle måtar, men eg håper på litt meir action når finalekampen tek til om mindre enn ein time. Eg har bestemt meg for å heie på Frankrike, så får eg håpe at eg får litt motstand. Ikkje så kjekt om alle heiar på same laget.
Nils har sett i gang med å sløye makrell, eg ser ikkje fram til å steike den i morgon om det skulle bli aktuelt.
Ingar har tenkt å prøve å få tak i ein sparkesykkel i morgon, så spørs det om her finst slike i Ørsta.
Eg skulle vel hatt med nokre bilde, men trur eg ventar til eg får ta bilde ute-innadørs er det relativt kaotisk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar