fredag, juni 03, 2016

Dagbok 2016: 3.juni


Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 19 grader C og det er sol og nydeleg vêr. Til tross for fint vêr har eg hatt ein del tid ved datamaskina i dag også. Eg prøvde å stille den om til nynorsk, og når eg skriv på Word får eg ingen raude strek, men det får eg her. Sjølv om eg finn ut litt av kvart sjølv, treng eg nok litt sakkunnig hjelp, så om nokon føler seg kalla er det fint om de kan kome ein tur neste veke. Kunnskap om Windows 10 er påkrevd. Eg har gratis hjelp frå Lefdal, men då må eg vite kva eg skal spørje om.......og kva eg skal be dei installere.
I dag sette eg i gang med fredagsvasken først best, og den var relativt fort gjort. Så stelte eg litt i hagen. Nils ville at vi skulle klippe bio nede i skråninga, og det er heilt greitt- ikkje tungt ein gong. Der er "drag" på klipparen, men då går det fort. Nils klipte nokre raster før eg overtok; problemet både for han og med er det hallande terrenget. Begge får vondt i hofta av det, men sidan mi hofte er i betre stand enn hans, er det greiast at eg tek det. Der var lite gras, for vi har ikkje gjødsla, men då kjem mosen og den er tung å trakke og drage i. Så når det lid ei veke eller vel det, treng vi kanskje litt hjelp.
No var det nære på 14 dagar sidan vi klipte.
Elles har vi ikkje gjort så mykje. Eg har lege på altanen og lese bok, Nils vil ikkje vere så mykje ute i sola.
Nils skrella og kokte poteter som vi åt attåt spekemat, han må bestemme menyen, for det er ikkje alt han har lyst på. Eg er altetande.
No har eg sett på kaffi til meg sjølv, Nils ville ikkje ha, men eg må no halde meg vaken når eg skal på kino seint i kveld.
Det er finast ute når det lid mot kveld, før middag var det veldig varmt. I alle fall då eg slo plen i ulltrøye, gummistøvlar og tjukke lestar.
Leigebuarane har pakka ut det oppblåsbare bassenget sitt. Dei skal ha det med til Litauen. Dei spurde om lov til å sette det opp på plenen, og det sa eg sjølvsagt JA til. Eg spurde Mindaugas om det var han som skulle blåse det opp..

1 kommentar:

solveig sa...

Her har vi hat makes kje vind i dag.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...