torsdag, mai 05, 2016

Dagbok 2016: 5.mai



Klokka er ca 18.30, temperaturen er 18,5 grader, det er overskya og det blæs. Men det er no heilt greitt både for dei som vil vere ute og for dei som er inne.
Vi har vore inne i heile dag, Nils har fastedag og svelt! Han har lege mykje av dagen- ikkje fordi han er direkte sjuk, berre slapp. Han skal på CT i morgon klokka 9.00, og etterpå får han ete igjen.
Eg har ikkje laga mykje mat til meg sjølv heller, men eg har baka brød. To porsjonar- dvs. 6 brød. Hadde kjøpt inn for mykje melk som var i ferd med å gå ut på dato, så eg fekk nytta den i brøda. 
Etterpå rydda eg ogshina  opp kjøkkenet. No står det berre att å fryse brøda.
Elles har eg lese litt i boka som Margrete kom med i går og så har eg strikka. Held på å strikke sommarlester til meg sjølv. Leste-lageret er ganske stort-også etter eit lite innhogg i går.
Det er meldt varmt og fint vêr framover, så no blir det vel liv i det som gror. Sukkerertene spirer i alle fall.
Dei som har særs gode auge/briller kan kanskje sjå skilnaden på spirar og ugras.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...