onsdag, mai 04, 2016

Dagbok 2016: 4.mai

Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er +13,8 grader, det er overskya og litt vind.
I dag venta vi Margrete og ungane til middag, så ein del av føremiddagen gjekk med til matlaging etc. Berre kjekt, det, å lage mat til fleire. Vi var også ein liten tur nedom Kiwi for å handle - ikkje så mykje i dag, sidan Nils skal faste i morgon.
Margrete med fam. og hund kom i 15-tida, så då åt vi middag. Menyen var lammesteik, kjøttkaker etc. og marengsdessert. Nokså tradisjonelt altså.
Etter at dei reiste har eg hatt den eine frustrasjonen føre og den andre etter. Først oppdaga eg at oppvaskmaskina stod "på stedet hvil"- då eg hadde tenkt å tømme den og sette på maskin nr.2. Hadde ikkje sett den skikkeleg i gang.
Så skulle eg tømme MP3-spelaren for bøker, før eg la inn på ei ny som Margrete kom med, og dermed presterte eg å slette bøkene frå datamaskina også, og det var ikkje meininga. M.a. sletta eg den oppskrytte boka på18 CD-plater, så no "slepp" eg å lese den. Grunnen til den flausa var at eg var inne på Windows 10-og der er eg ikkje heilt stødig. No må eg klare meg med boka Margrete hadde med til biblio opnar igjen- og den er på berre 5 CD-plater.  Elles så får eg ikkje til å få bilda eg tek frå kamera og inn på datamaskina, så no treng eg snart hjelp.Det er ikkje krise-berre irriterande.
Dei som er yrkesaktive får litt ekstra fri no, men vi som har ferie heile året merkar ikkje så mykje til om det er helg eller yrke. Håper på finevêr på Gro-dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...