tirsdag, mai 03, 2016

Dagbok 2016: 3.mai


Klokka er 18.30, temperaturen er 13,5 grader C og i dag har vi hatt både litt regn og litt sol.
Det blir ikkje alle dagar gjort like mykje her heime når vi er inne begge to.
I dag gjekk mykje av føremiddagen til å lage ertersuppe, rydde og vaske opp.Vi åt tidleg middag, så var det pause med påfølgande kaffi før vi tok ein tørn i hagen. Nils gjødsla med kalksalpeter, eg raka og rydda og tok opp løvetann. Det blir ikkje så mykje med oss kvar dag, men det går no rundt på ein måte. Vi klarer oss sjølve utan for mykje hjelp og det er no bra, sjølv om mykje blir ugjort.
Eg er ein svoren NRK 1 tilhengar, men no synest eg det er langt mellom dei programma eg bryr meg om. Eg ser stort sett berre eitt program for dag-dvs.kveld, eg ser aldri TV på dagtid. Saknar gode seriar og filmar, synest programma er veldig problemorienterte. Sjølvsagt kan ein sjå på andre kanalar, men då må eg ta opp, for reklamepausar orkar eg ikkje. Ja, det er no eit lite "problem". Må no sjå nyheitene, sjølv om det ikkje er så oppløftande.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...