mandag, mai 02, 2016

Dagbok 2016: 2.mai

Klokka har passert 18.30, og snart er også denne dagen historie. Ute er det overskya og opplett, temperaturen er +15,9  grader C.
I dag har eg vore nokså passiv. Eg sov dårleg sist natt og i dag er eg full av gikt, men det er no ein bagatell. Før middag stelte og rydda eg litt i huset som vanleg, og så støvsuga eg i stova. Nils var nedover og tok nokre blodprøver.
Til middag laga eg gryterett med ris av svinesteika eg laga til på laurdag. Gjorde det lettvint og brukte eit glas med "Uncle Ben`s ". Som de sikkert har oppdaga blir det ikkje så mykje fisk no når Nils ikkje får fiske.
Sist natt las eg ferdig boka mi, men las om att siste plata no i dag. Trur det var veldig lurt, for eg hadde slett ikkje fått med meg alt.
Nils var ute og planta dei nye jordbærplantane.
I dag fyller Vebjørn på Kongsberg 10 år, åra går, dei små veks opp og vi blir gamle, det er livets gang.
Vebjørn er ein artig og livleg kar, berre så synd at vi ikkje ser han oftare.
Vi gratulerer han med dagen!


Vebjørn er litt av eit "slangemenneske". Bilda er frå sommaren 2014.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...