fredag, mai 06, 2016

Dagbok 2016: 6.mai

Klokka er 17.00, temperaturen er 16,8 grader C, tidlegare i dag var det nesten 20 varmegrader, men ein irriterande vind gjer at der verkar mykje kaldare.
Ein ting er fint med vinden, det er god klestørk på altanen, og det passa bra i dag når eg likevel skulle vaske mykje klede. Men eg ser at vinden tørkar opp jorda, så eg har vatna både her og der. Har lese ein stad at brunsniglane ikkje likar kaffi, så eg vatnar med kaffigrut+vatn. Det gjorde eg i heile fjor sommar også- trur rosene likar det godt.
Dagen i dag starta i 5-tida -då skulle Nils ta siste dosen av "medisinen" sin. Men han la seg no nedpå att. Han skulle vere i Volda klokka 9, og der gjekk det unna, for han var heime før klokka 10. Då var eg berre så vidt ferdig å vaske golva, for denne gongen fall fredagsvasken på fredag.Det skjer ikkje ofte.
Nils var ganske utslått etter CT-undersøkinga, det var han sist gong også. Resultatet har han ikkje fått enno, det er no det som er det spennande.
Eg sette meg innpå rommet mitt, las og strikka så han fekk slappe av ein times tid i fred og ro. Elles har eg hatt mykje å styre med, utan å gå meir i detalj. Då det lei på greidde Nils å ete ei skive, elles går det i melk og yoghurt etc. Men appetitten kjem nok att.
Etter at eg hadde vaska håret etc.etc. la eg meg på sofaen med boka mi og då somna eg. Så no er eg "fit for fight" igjen-trur eg. Må visst vatne sukkerertene-det såg ei stund ut til at det skulle kome litt regn, men det blir visst ingen ting av.
I dag kan vi gratulere Stein Inge på Eid og Lise i Stryn med fødselsdagane deira. Håper dei har ein fin dag.
Vil ønske alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...