lørdag, mai 07, 2016

Dagbok 2016: 7.mai


Klokka er 19.00, temperaturen er ca +13 grader, max temp i dag var minst 19 varmegrader. Før middag var det opplett, men skya, så kom ei regnbyge, men no ser det ut til å lette opp att. Eirik var litt bekymra då regnet kom, for dei skulle ha russefeiring i kveld.
I dag har vi vore på farten og brukt tusenvis av kroner. Først innom biblio, men det var gratis, så på Felleskjøpet der vi blant anna handla hagegjødsel.Måtte innom Plantasjen også, men plantar kjøper vi ikkje enno. 
Så skulle vi innom Eirik på Møbelringen med vesten til Erlend som hang att her. Nils ønska seg ein ny recliner-og det fekk han. Vi har hatt to i mange år, men eg kan ikkje sitte i dei, derfor kjøpte vi berre ein no. Vi har litt for mange stolar akkurat no, men har planer !
Så var eg på apoteket og fylte opp medisinlageret mitt og på parfymeri og kjøpte schampoo blant anna. Til  slutt vart det handla litt mat.
Blant  anna kjøpte vi ein stor Grandis, som Eirik også fekk ein bit av då han køyrde heim den nye stolen vår. Den kom i to delar men Eirik fiksa monteringa. Etterpå hadde vi kaffi og is.
Då vi vart åleine skulle Nils sjå TV-eg sette meg inn på datarommet og rippa og strikka. Og det var dagens program, så langt. Nils har vore bra i form i dag.
Han vatna sukkerertene sine før regnet kom, eg vatna dei og jprdbæra i går.
Før vi for nedover i dag hadde eg ein diger haug med tørre klede som eg bretta, og så fekk eg henge ut eit par maskiner i dag også.( No er det ikkje like mykje i kvar maskin.)
No blir det vel strikketøy og TV det meste av kvelden.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...