søndag, mai 01, 2016

Dagbok 2016: 1.mai

Fredric Holen Bjørdal

Marit Aklestad

Klokka er 19.15, temperaturen er + 11 grader, det er overskya og opplett. I dag hadde vi avtalt med Margrete at vi skulle møtast på Volda samfunnshus for å feire dagen, slik vi har gjort i fleire år no. Før vi reiste bortover fekk eg vaska håret og lagt i hop ein stor klesvask m.m.
Sidan Margrete er kommunestyrerepresentant for arbeidarpartiet i Volda fell det naturleg at vi feirer dagen der borte, og så var no også dei to hovudtalarane frå Ørsta,då. Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal representerte AP og Marit Aklestad er leiar for Ørsta SV. Begge heldt gode talar, Holen Bjørdal sette søkelys på problem og løysingar i vårt eige land, mens Marit tok med arbeidstilhøva i fattige land i heile verda. Ho hadde tydelegvis lagt veldig mykje arbeid i talen sin, godt gjort med tanke på at ho er småbarnsmor. Ho imponerte meg.
Der var musikk og song av elevar frå Høgskulen i Volda. Mange av partifellene våre frå Ørsta var til stades; SV er ikkkje med å organisere dagen her lenger.
Vi var i lag med Margrete og Svein, og etter at det var slutt på samfunnshuset gjekk vi på Kina-restaurant og åt middag. Det samme gjorde vi i fjor, men då hadde vi Ingeborg også med oss.
Det var langt på dag før vi var heime att, så då var det berre å slenge seg på sofaen med lydbok, mens Nils såg fotball på TV.
1.mai er arbeidarrørsla sin dag - og ikkje berre i Norge.  Eg mislikar at parti på høgresida i politikken blandar seg inn i feiringa av dagen. Eg mislikar også at dagen blir brukt til konfirmasjon og andre arrangement. Det er mange andre dagar i året -lat arbeidarrørsla få ha dagen i fred !
(Det er Margrete som  har tatt bilda-eg har stole dei frå FB).

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...