Klokka er snart 13, og vi skal ha middag om ei lita stund. Temperaturen ute er + 12 grader og no ser eg to små skyer, dei første i dag. Eg har jobba inne heile føremiddagen, men etter middag skal vi ut, då er temperaturen meir behagelig.
Det første eg gjorde i dag var å lage ein porsjon fiskekaker i foodprosessoren-dei skal vi ete i dag. Så vaska eg rundt på kjøkken og bad, vaska golva og støvsuga gangane m.a. Det må no vere bra for alderen? Min alder altså. Eg tek tusen bilde frå altanen kvart år, men no før det kjem lauv på trea ser vi så fint ned på sjøen, og på dette bildet greidde eg å unngå den tjukke ledningen som går over tomta. Synest vi har ganske fin utsikt, sjølv om den ikkje kan måle seg med utsikta over Volda der eg var i går. Det kjekkaste med det fine vêret er at alle naboane kjem ut-og då har vi mange å snakke med.
Seinare:
Klokka er snart 19.00 og sola skin framleis. Temperaturen er + 11 grader C. Etter middag la eg meg ut på solsenga, sov og las eit par timar.
No har vi vore ein tur på Rjåneset, Nils har ausa båten og eg har tatt bilde. Dei hadde fiksa så fint stigen no,og lagt ny asfalt, så det er fint å ferdast der både med rullestol og barnevogn, for dei som det har. Elles reknar eg med at bilda talar for seg.
Heime att, køyrde vi "feil" veg i Starevegen for å sjekke byggeaktiviteten i gata. Og så fekk vi lagt hønsegjødsel nedanfor garasjen i håp om at kattane held seg vekke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Ein flot dag i Ørsta og ser eg!
Legg inn en kommentar