onsdag, april 27, 2016

Dagbok 2016: 27.april

Klokka  er snart 13, og vi skal ha middag om ei lita stund. Temperaturen ute er + 12 grader og no ser eg to små skyer, dei første i dag. Eg har jobba inne heile føremiddagen, men etter middag skal vi ut, då er temperaturen  meir behagelig.
Det første eg gjorde i dag var å lage ein porsjon fiskekaker i foodprosessoren-dei skal vi ete i dag. Så vaska eg rundt på kjøkken og bad, vaska golva og støvsuga gangane m.a. Det må no vere bra for alderen? Min alder altså. Eg tek tusen bilde frå altanen kvart år, men no før det kjem lauv på trea ser vi så fint ned på sjøen, og på dette bildet greidde eg å unngå den tjukke ledningen som går over tomta. Synest vi har ganske fin utsikt, sjølv om den ikkje kan måle seg med utsikta over Volda der eg var i går. Det kjekkaste med det fine vêret er at alle naboane kjem ut-og då har vi mange å snakke med.
Seinare:
Klokka er snart 19.00 og sola skin framleis. Temperaturen er + 11 grader C. Etter middag la eg meg ut på solsenga, sov og las eit par timar.
No har vi vore ein tur på Rjåneset, Nils har ausa båten og eg har tatt bilde. Dei hadde fiksa så fint stigen no,og lagt ny asfalt, så det er fint å ferdast der både med rullestol og barnevogn, for dei som det har. Elles reknar eg med at bilda talar for seg.
Heime att, køyrde vi "feil" veg i Starevegen for å sjekke byggeaktiviteten i gata. Og så fekk vi lagt hønsegjødsel nedanfor garasjen i håp om at kattane held seg vekke.







1 kommentar:

solveig sa...

Ein flot dag i Ørsta og ser eg!