lørdag, januar 30, 2016

Dagbok 2016: 30.januar

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 2 grader C og det har snødd ein del i dag. Ikkje slik snø som gjer verda kvit og vakker, men snø på grensa av sørpe. Elles har vêret vore stilt og fredeleg etter stormen i går. Ikkje så dramatisk den heller, i alle fall ikkje her på Vallabøen. Det var nokre voldsommer rosser tidleg på kvelden, men vi miste  verken straum eller nett; på andre sida av fjorden hadde det vore nokre straumbrot, og Margrete vart utan straum frå klokka 19.00 i går til i dag tidleg. Det var ein som sa at vinden her hadde vore oppe i 29 m/sek -og det er ikkje så dramatisk. Men eg snakka med ei som hadde fått skade på taket sitt.Har ikkje sett nyheiter i dag, men klokka 19 får vi vel vite kva som har skjedd rundt om i landet.
I dag tenkte eg at eg skulle få gjort litt til nytte, så eg tok ned julegardinene på kjøkkenet og hengde opp dei vanlege kvite. Strauk dei litt først. Så vaska eg håret etc. før vi tok ein tur til Vik. Vi hadde ikkje så mange ærend, men det er no godt å kome ut dørene litt. Var innom biblioteket og henta ei bok dei hadde lagt til sides til meg.
På Amfi kjøpte vi oss kake og kaffi i dag, det er slikt som ikkje skjer så ofte. Sat og prata med nokre naboar (under rulletrappa) før vi handla det vi skulle ha.
Då vi kom heim att sette eg meg til å rippe boka eg henta i dag. Det er ein krimroman på berre 7 plater, men no har eg nettopp begynt på ein krim/spionroman å 19 plater. Eg er sterkt frista til å heller lese den eg fekk i dag.Lange krimromanar, kan lett bli for lange for meg. Mens eg rippa boka stoppa eg tre par lestar og festa trådane i eit oppattespøta par. Ja, eg veit at eg er litt gammaldags, men det må vere lov i min alder, og eg likar å reparere.
Nils kokte middag i dag, salta lange m.m. Det smakte godt. I morgon har han bestemt at vi skal ha fiskekaker i brun saus, slik som i gamle dagar, med rabbe attåt. Det var han van med frå barnsbein av. Eg et det meste, så han kan berre få det som han vil.
Vi har ikkje vore ut i hamna i dag, men det er ein som bur der ute som ser etter det meste.
No blir det vel mykje TV resten av kvelden, Nils har alt hatt ei lang stund med sport; eg somna på sofaen, som vanleg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...