Klokka er 17.15, temperaturen er + 12 grader ute, og det er kveld. Det har vore overskya i dag, men stort sett opplett.
Nils for og drog teinene før middag-ikkje ein einaste krabbe denne gongen, så eg måtte finne på noko anna til middag. No har vi nettopp ete spaghetti og kjøttsaus, og snart er det kaffi. Dagane er korte no-og kveldane lange.
I dag har det ikkje hendt så mykje, og det er heilt greitt.
Nils skulle sjå fotball på TV så eg sette meg inn på rommet "mitt" og stoppa eit lestepar og strikka litt på eit anna -mens eg las lydbok.
No har eg sett på oppvaskmaskina og vaska opp det som vart til overs. Har ladda godt opp i dag, så eg reknar med at eg får eit anfall av energi i morgon.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar