lørdag, november 14, 2015

Dagbok 2015: 14.november

Klokka er snart 19.00, temperaturen ca + 6 grader og det har regna det meste av dagen.
I dag har vi hatt besøk av døtrene og fem av barnebarn. Flokkan minkar litt etter kvart som "barna" blir store og reiser frå bygdene. Vi vart likevel 9 som feira Nils med julemat og altfor mykje kaker og dessertar. Eg er litt lur, lagar noko som kan frysast og noko må gjestane ta med heim, så vi "slit" ikkje med restar.
Dagen har stort sett gått med til eting, kaffidrikking og prat. Det er kanskje litt kjedelig for dei nestenvaksne barna - og det må aksepterast. Ikkje det at nokon klaga.
I går kveld vart vi sittande ved TV-en og følgde med det som skjer i Paris. Det er berre så trist og vondt. Men eg håper at hatet rettar seg mot terroristane og ikkje heile folkegrupper.
For tre år sidan stod blomkarsen så fin på bursdagen til Nils, som regen får vi ei frostnatt eller to som gjer ende på dei før "dagen"-men i år var der liv i dei. Derfor pynta eg bordet med nokre små eksemplar av arten.
Erlend fekk sitte i høgsetet i dag, for han fyller 12 år om vel ei veke. Vi "feira" han også.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...