Klokka har berre så vidt passert 15.00, så det er litt tidleg å skrive dagbok. Men sidan eg må halde meg oppreist til håret er tørt, kan eg like godt gjere noko nyttig.
Ute vekslar det med regn og opphald, og så er det vind. VIND likar eg veldig godt-og her i Ørsta er vind mangelvare. Det er visst høg flo også, men opp til oss rekk den ikkje. Temperaturen er + 6,6 grader, eg er glad så lenge den er over 0 og vi slepp frost og snø.
I dag heldt eg meg på kjøkkenet heile føremiddagen, gjorde i stand diverse til i morgon, og laga dobbel porsjon fiskegrateng av fisk som Nils fiska i går. Vaska opp med hand, for å spare plass i maskina. Berre tull sjølvsagt. Kva har ein oppvaskmaskin til ?
Vi åt tidleg middag, så vi var klar til å drikke kaffi då Margrete kom innom for å hente reservenøklane til bilen sin; ho skal ha den på sørvis. Nils brukar å ha eine nøkkelen i dei tilfella vi skal legge noko inn i bilen hennar-noko som skjer av og til.
I dag fekk eg brev frå Helse Møre og Romsdal. Eg snakka med legen min i går, og vi vart enige om at eg skulle ta eit røntgenbilde av hofta og foten min. I dag kom brevet om at eg skal møte opp måndag den 23.nov. på sjukehuset i Volda. Eg synest det var hurtig levert.
I morgon skal vi feire Nils sin 79-årsdag i lag med nærmaste familie. Vi er ikkje så mange her i distriktet akkurat no, blant anna er det fire av slekta i Oslo for tida. Den blir som vanleg ein liten forsmak på jula den 14.november dette året også. Kan ikkje bryte ein lang tradisjon.
Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar