søndag, oktober 25, 2015

Dagbok 2015: 25.oktober

Klokka er 18.10 og det er mørkt ute, noko som har litt med tilbakestilling av klokka å gjere. Mange med meg ville gjerne hatt sommartid heile året-men det er visst ikkje mulig.
I dag har det vore regn og grått heile dagen, og snø langt nedetter fjellsidene, det er det eg kallar giktvêr. Hadde nokre veldig bra dagar i veka som gjekk, men i går vart det for mykje sitting i bil og på konsert, noko som eg har merka i dag.
Har i alle fall vore ekstemt lat i dag, mesteparten av tida har eg hatt lydbok på øyret og lese ferdig boka til Trude Teige.
Og så har eg laga middag-det var fort gjort- og elles har eg ikkje gjort noko særleg.
Vi var invitert til Eid i dag, sidan Svein hadde bursdag, men det vart til at vi utsette turen-og det var mi skuld.
I kveld er det mange program vi skal sjå på TV-og så har vi enno ikkje sett opptaket av "Skal vi danse" . Men vi veit kven som gjekk ut. Når vi ser programmet på opptak tek det berre halve tida.
I dag fyller altså bror min 74 år; han er berre 1 år og 7 mnd. yngre enn eg. Nils hadde også ein bror, Leon Severin, som var fødd den 25.oktober. Han kom bort på sjøen då han var 17 år; han hadde vore 76 år om han hadde levd i dag.
Og i morgon fyller Rasmus 51 år. I fjor var vi på Kongsberg og feira, og då var det fint og mildt på Austlandet. På Gol var det
+ 19 grader på heimturen vår. Men i Sogn og Fjordane var det flaum. Det var så vidt vi kom oss til Anda før vegen vart stengt. Ja, vêret kan vere så ymist- men eg håper det er ei stund før vinteren kjem.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...