lørdag, oktober 24, 2015

Dagbok 2015: 24.oktober.


Klokka er ca 22.00, temperaturen er + 6 grader C og det regnar. Før middag var det opplett, mildt og fint. 
Vi er nyss attkomne frå Fosnavåg, der vi har vore på konsert med "Nordic Tenors". Konserten varte ca 1,5 timar og var veldig variert, det var opera-ariar, poplåtar, musikal og ikkje minst JODLING. Alle melodiane var slike vi har høyrt før, kjent stoff altså, og det er jo det vi helst vil høyre, vi som har levd ei stund. 
Dessutan hadde dei med seg ein veldig flink pianist. Fin konsert! Turen utover-og heim i minibuss gjekk heilt fint.
Før konserten sat vi ein times tid i resepsjonen på hotellet og drakk kaffi og åt kake.(Nydelig eplekake).
Vi for frå Ørsta klokka 17. Før den tid hadde eg vaska eit par maskiner med klede, stroke litt og laga middag. Elles brukte vi tida til å lade opp til kvelden.
Det er kjekt å fare på konsert i lag med mange andre, men eg synest det er litt trist at ingen av dei gamle vennane mine er med. Med gamle venner meiner eg dei eg kjende før eg begynte i pensjonistlaget, ingen av dei er med i "laget".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...